I Velledalen Naturbarnehage SA kan personalet mykje.

I tillegg til å vere ein ein god og trygg pedagog kan Sigrid R. Aurdal mykje meir. Ho er turninstruktør på fritid og også ein habil hjortejegar.

På førstedagen i hjortejakta skaut Sigrid ei hjortekolle. I går kveld skaut ho ein piggbukk. Ikkje berre jaktar Sigrid, men ho har og lært seg å flå og partere dyret. I løpet av hausten vil nok barna på barnehagen få lære meir om å vere jeger og jakte, og mykje truleg vil dei og få smake på hjortekjøt.

Vi ønskjer Sigrid lykke til med jakta framover hausten!