Pedagogisk grunnsyn

Velledalen Naturbarnehage SA ønskjer å skape ein barnehagekvardag med humor og glede, der barna får vere undrande og nyfikne i eit trygt og utfordrande miljø. Miljøet skal vere tilrettelagt for meistring på ulike nivå. Barna skal få vere aktive og utforskande, og vi vil arbeide for å utvikle den sosiale kompetansen hos barna. Velledalen Naturbarnehage SA skal skape eit inkluderande miljø, der barna får gode vener, kjenner seg trygge og utviklar eit positivt sjølvbilete.