TEATERKOMPANIET GREP VISTE I DAG "DEN GÅTEFULLE VEIEN TIL DET HEMMELIGE STEDET"

Nede på skogbunnen bur sommarfuglen Nalle og marihøna Nille. Dei er bestevenner.

Ein tidleg vårdag vaknar dei frå vinterdvalen sin og bestemmer seg for å reise til den hemmelege staden for å bade. På den hemmelege staden er det mykje varmare og ordentleg sommar.

Medan sommarfuglen Nalle flyg avgarde, er marihøna Nille oppteken av kvar snøven drog då det vart vår. Plutseleg finn ikkje marihøna Nille vegen til den hemmelge staden. Nille tek ut på ei reise der ho møter mange små og rare insekt, dyr og planter. Dei gir Nille ledetrådar og gåter som skal vise Nille rett veg. Det vert ei morosam og lærerik reise om ulike vårteikn.